Noss, Aagot: Draktskikk i Aust-Telemark - mangfald og endring

Noss, Aagot: Draktskikk i Aust-Telemark - mangfald og endring

  • 380,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Bø, Gransherrad, Heddal, Hjartdal og Sauherad

Denne boka er den siste i trilogien om folkedraktskikken i Telemark. Tidligare bøker: Klesskikk i Tinn i Telemark: frå tinndølklede til tinnbunad (1999) og Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark (2003)

Folkedraktene i Telemark kan delast inn i tre områder, kvar med sitt serpreg. Aust-Telemark skil seg ut mellom anna ved å ha den eldste bevarte skjortetypen i sitt slag. Det er skjorter med ”slengerm”. Mangfaldet i skjortesaumen er større enn i noko anna område i landet. Ei mengd skjorter og skjortekvardar er bevarte. Det skal godt gjerast å finne to som er like. Vadmålssokkar med røter i mellomalderen har vore i bruk til 1870-åra.

Raudtrøya er yngre og går attende til 15–1600-talet. Trøya har gjeve namn til raudtrøyekleda som ein finn att i ein av dagens bunader. Beltestakk-kleda med svart utanpåtrøye er ei endring og ei vidareføring av raudtrøyekleda. Draktsylvtradisjonen er rik, nokon syljer, til dømes bolesylja og rosesylja kan ein fylgje attende til 12–1300-talet.

Folkedraktene i Aust-Telemark er ei symbiose av tradisjon og impuls. Innanfor denne ramma er det store variasjonar, fyrst og fremst i prydnaden.

Då bunaden, både den som byggjer på raudtrøyekleda og på beltestakk-kleda, avløyste den eldre tradisjonen, kom einsrettingar. Variasjonane i til dømes saumen vart mindre og fargane på saum og bandprydnad skulle stå til einannan. Det er vår tids ’matche’syndrom, men som har vore ukjend den tid folkedrakt var einaste kleda bruka til kvardag, helg og høytids.


ISBN 978-82-7099-582-0, 195 sider, innbundet
Format: 21x28,5 cm, vekt 1,1 kg, publiseringsår 2010


Vi anbefaler også

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid